Arrangement & selskap

Konfirmasjon, barnedåp, jubileum, bryllup, event, julebord, konsertar, yoga og andre kulturarrangement er noko vi kan tilby på Tuentun. Du kan anten leige lokaler og stå som arrangør sjølv, eller vi kan skreddersy dine ynskjer i ei flott innpakning til akkurat deg og dine behov. Skroll ned for meir info om dei ulike emna. 
 

 
boklansering_4,5x2.jpg
 


kultur

Det vert arrangert ulike kulturarrangement gjennom året. Tuentun ynskjer å formidle eit rikt kulturmangfald frå dei ulike kunstartane, både musikk, teater, dans, billetkunst med mer. Vårt publikum skal få oppleve både kjende aktørar, men også ukjende aktørar vil vere i vårt tilbod.

 

aktivitetAr

I samarbeid med Romsdal Yoga arrangeres vi kurs med Ashtanga Yoga. I historiske omgivelser med kvalifisert instruktør møtes vi torsdagar på Skuleheim. Hausten 2017 er full, men i desember opnar påmelding for vinter 2018. Dette skjer på heimesida til Romsdal Yoga.
Fylgj oss gjerne på Facebook.

 


kurs

Gjennom våre ulike samarbeidspartnere tilbyr vi ulike kurs. Kurshaldarane stiller med kompetansa, medan Tuentun tek seg av alt det praktiske og sjølve gjennomføringa. Ta kontakt om du ynskjer å bruke oss som kursstad.
 

 

pakker

Vi tilbyr skreddersydde pakker for ditt firma, eller for ditt selskap. Dette kan innbefatte alt frå underhaldning til utflukter, mat og servering. Dersom de ikkje har spesielle ynskjer kan vi lage eit flott og variert opplegg for deg og dine.

 


skuleheim

Skuleheim tilbyr utleige for viktige markeringar i livet, td. Barnedåp, konfirmasjon, jubileum, bryllup. Storsalen har ein kapasitet på ca. 40 plassar, og kan tilby dekketøy, dukar, projektor, lyd-anlegg, el-piano med mer. Kjøkkenet er godt utstyr, og har også oppvaskmaskin, kombidamp og god kjølekapasitet. Ta kontakt for priser.
 


GAMLELØA

Gamleløa på garden er bygd 1925 og har opp gjennom tidene hatt ulike funksjonar, både kufjøs, stall, høytørke. Sommaren 2016 vart det gjort store oppgraderinger på den gamle driftsbygninga på garden, med tanke på å skape ein større arena for selskap, konsertar og andre kulturarrangement. Arbeidet med restaurering held framleis på, og vi vonar at innan få år kan gamleløa tilby ei unik ramme for akkurat ditt selskap.
 

IMG_25862.jpg