sal av kjøt

Hausten er tid for lammekjøt. Gjennom vårt samarbeid med det lokale slakteriet Ole Ringdal på Hellesylt, verdsett vi nettopp den korte reisevegen til dyra våre. Vi får grovparterte dyr i retur, som vi sel vidare til våre kundar. Kortreist lammekjøt av gamalnorsk sau, ofte kalla villsau, beita på Varfjellet i Tresfjord. Eit velsmakande, mildt og magert kjøt, med ein anelse viltsmak. Dette er ei delikatesse i særklasse som kan skaffast på hausten. Kjøtet hentast heime hos oss på Tuentun.Forventa slaktevekt er 9-14 kg. Pris pr. kg er 150,- (inkl. mva)

Retur til Tuentun og hentedato for kundar er onsdag 1. november 2023, sms vert sendt med meir detaljer.

Siste frist for bestilling av kjøt 2023 er 23. oktober.


sal av skinn

Skinn frå gamalnorsk sau frå eiga besetning kjem i retur til Tuentun kvart år. Dette er skinn med store variasjonar, alt frå einsfarga lyse til skinn med fleire fargespel. Tuentun har skinn på lager, utvalet er størst på vårparten då vi får inn nytt parti. Sjå vår Facebook-side for dei ulike skinna. De er og sjølvsagt hjartleg velkomne heim til oss på Skuleheim for å sjå vårt utval.


SAL AV HØY

Når vêret er på vår side, produserer vi ein del tørrhøy. Dette blir tørka laust inne på eiga høytørke, for så pressa i småbunt for vidare sal. Ynskjer du å kjøpe tørrhøy er det lurt å vere tidleg ute, då etterspurnaden er stor. 

 
skinn_5,3x2.jpg
 


gammalnorsk sau

Sauerasen gamalnorsk sau er ei av dei eldste sauerasene vi har i Noreg, og var på 1950 talet trua til å forsvinne. Enkle lammingar, sterkt flokkinstinkt og gode morsauer er svært viktige trekk for rasen. Rasen gjev relativt små slakt samanlikna med mange nyare saueraser, men gjev kjøt av høg kvalitet og med ein unik smak.