kven er vi

Familien Rypdal Hovden bur i Tuen på Rypdal i Tresfjord. Hausten 2011 starta idéen om Tuentun, og mykje har skjedd sidan det. Idéen har vore i stadig utvikling, og i 2016 tok vi det endelege steget; vår familie på 6 ynskjer å opne garden for fleire enn oss sjølve. Brit Guro og Halvor, som er utdanna og arbeider som lærarar i det daglege, vil tilby garden som ressurs for almuen. For våre born vil dette vere ein naturleg del av kvardagen, og vi håpar på sikt at dei også ynskjer å vidareføre våre tankar og arbeid. Vi er stolte og glade av plassen vår, og vonar at fleire får gode opplevingar her, nettopp gjennom våre tilbod.

 


TRESFJORD

Tresfjord er ei levande bygd med mange kvalitetar. Gjennom sin flotte og varierte natur kan Tresfjord friste med fjellturar av ulik vanskeligheitsgrad. Gjennom heile året arrangeres det både små og store kulturarrangement på dei ulike arenaene i bygda, alt frå Gapskrattfestivalen, Syltemartnan, kyrkjekonsertar, hestestevne, bobiltreff osv. For meir informasjon, sjå her www.visittresfjord.net