gardsdrift

TuenTun ligg på Rypdal i Tresfjord, Møre og Romsdal. Området blir lokalt kalla Tuen, og består av fleire gardsbruk. Garden driv tradisjonell drift med gamalnorsk sau. I tillegg til vårt arbeid med dyra har vi forproduksjon, både til eige bruk og for sal. Dei siste åra har ynskje om å utvide aktiviteten på garden stått sentralt, og tilbodet om selskapslokale med ulike opplevingar har oppstått. Vi ynskjer at fleire skal oppleve eit levande tun, ikkje berre saman med dyra våre, men og gjennom trivelege samankomstar på Skuleheim og på Gamleløa. 

 



gammalnorsk sau

Sauerasen gamalnorsk sau er ei av dei eldste sauerasene vi har i Noreg, og var på 1950 talet trua til å forsvinne. Enkle lammingar, sterkt flokkinstinkt og gode morsauer er svært viktige trekk for rasen. Rasen gjev relativt små slakt samanlikna med mange nyare saueraser, men gjev kjøt av høg kvalitet og med ein unik smak. 

 



sal av kjøtt

Hausten er tid for lammekjøt. Gjennom vårt samarbeid med det lokale slakteriet Ole Ringdal på Hellesylt, verdsett vi nettopp den korte reisevegen til dyra våre. Vi får grovparterte dyr i retur, som vi sel vidare til våre kundar. Kortreist lammekjøt, beita på Varfjellet i Tresfjord,  ei delikatesse og kjøt i særklasse kan skaffast på hausten. Om du ynskjer å bestille dette smakfulle og kortreiste kjøtet, ta kontakt her: tuentun@ymail.com


sal av skinn

Skinn frå gamalnorsk sau frå eiga besetning kjem i retur til Tuentun kvart år. Dette er skinn med store variasjonar, alt frå einsfarga lyse til skinn med fleire fargespel. Tuentun har skinn på lager, utvalet er størst på vårparten då vi får inn nytt parti. Sjå vår Facebook-side for dei ulike skinna, bestilling vert gjort på sida eller til tuentun@ymail.com. De er og sjølvsagt hjartleg velkomne heim til oss på Skuleheim for å sjå vårt utval.


SAL AV HØY

Når vêret er på vår side, produserer vi ein del tørrhøy. Dette blir tørka laust inne på eiga høytørke, for så pressa i småbunt for vidare sal. Ynskjer du å kjøpe tørrhøy er det lurt å vere tidleg ute, då ettersprnaden er stor. For bestilling send mail på tuentun@ymail.com eller på telefon 91567586.
 

7E8FAB6A-F42F-40BE-9976-382096B4AFED.JPG