opplæring

I den over 100 år gamle skulebygninga vår, Skuleheim, har vi sidan 2021 drive alternativ opplæringsarena, i samarbeid med Vestnes kommune.

Elevar fra ulike grunnskular i kommunen kan i samråd med skulen søkje om å få noko av si grunnskoleopplæring på Tuentun. Born og unge lærer på ulikt vis, og for nokre kan læringsaktivitetar utanfor den ordinære skulen sine rammer gje auka meistrings- og læringsutbytte. Ein skuledag på Tuentun kan for nokre elevar gje den andre dagen, den dagen dei får oppleve noko anna, kjenne på andre meistringsopplevingar og livsmeistring.

Ein skuledag på Tuentun er prega av faste rutiner med morgenmøte og ulike praktiske aktivitetar. Vi nyttar ressursar vi har på garden i undervisninga, til dømes foring og tilsyn av dyr, sesongrelatert arbeid som våronn og arbeid i grønnsakshagen. På Tuentun har vi snikkerverkstad og musikkrom der elevane får utvikla seg kreativt. Vi har og aktivitetar ved og på sjøen med eige naust og båtar, slik at fiske og å prøve lykka i krabbe- og hummersesongen er noko elevane får vere med på. I tillegg er vi opptatt av å bruke nærområdet til å gje eit variert innhald i skulekvardagen. Elevane er innom ei rekke fag, der både dei munnlege, praktiske og meir teoretiske faga er representert. Vi samarbeider tett med både kontaktlærer på heimskulen og instansar som PPT.

Det å vere ung, gå på skule og tilegne seg ny kunnskap, handlar om å erfare og å meistre. Vegen mot måla er ikke lik, og som ein del av grunnskuleopplæringa står vi saman om å syne elevane våre denne vegen. Dei er framtida, og for mange kan den andre dagen gjere ein forskjell.

 
 
skuleheim_4,5x2.jpg