KVA SKJER

Tuentun ynskjer å tilby eit variert innhald til våre kundar. I tillegg til utleige av selskapslokale på Skuleheim, og etter kvart Gamleløa, vert det andre tilbod for allmuen i regi av Tuentun. Sjå nedanfor for kommande aktivitetar.
 

 
 
sau_black1x1.jpg

18.10.18
SISTE FRIST FOR BESTILLING AV KJØT

Gjennom avtale med vårt lokale slakteri Ole Ringdal AS, får vi lammekjøt i retur no i oktober. Vi sel heile dyr som er grovpartert, og hentast heime hos oss på Tuentun. Forventa slaktevekt er 9-14 kg. Pris pr. kg er 130,-

IMG_3477_1x1.jpg

24.10.18
Henting av kjøt på Tuentun

Returslakt frå Ringdal er onsdag 24.10.18. Kjøtet står på kjølerom, og kan hentast i tidsrommet 24.-26. oktober. Vi har betalingsterminal. Ta kontakt på 91817943 for å avtale tidspunkt for henting.

yoga.jpg

Seinhaust 2018
Yoga på Skuleheim

Yogatilbud på Skuleheim i samarbeid med Romsdal Yoga. I oktober opnar påmelding for seinhaust 2018. Dette skjer på deira heimeside.


TIDLEGARE ARRANGEMENT
 

Majorstuen Skrible 1_fotograf  Marius Beck Dahle_websize_1x1.jpg

06.04.18
Plateslepp med Majorstuen

Folkemusikkensemblet held 2 konsertar på Skuleheim, kl. 18 og 20. Majorstuen tek deg med på ein litterær blåtur med spennende musikalske stoppestadar.

Kun førehandssal.

unnamed_1x1.jpg

22.11.17
REISELIVSPRAT PÅ SKULEHEIM

Reiselivsselskapet Iconic Norway deler sine erfaringar. Tresfjord som opplevingsdestinasjon vil stå sentralt. Skuleheim er ope for alle som er interessert i ein uformell reiselivsprat denne kvelden kl. 20:00.

skulen2.jpg

Hausten 2017
Yoga på Skuleheim

Gjennom vårt samarbeid med Romsdal Yoga tilbyr vi ei kursrekkje på 8 torsdagar i AshtangaYoga. Instruktør er Marianne Egset Wiik, og kurset passar for dei med både lite og mykje erfaring med yoga. Kurset i haust er fullbooka, men vi satsar på ny runde vinter/vår 2018.

release.jpg

02.07.17
Releaseparty på Skuleheim

John og Aldine Sylte presenterer rapp-versjonen av salmen «Ein fin liten blome». Vi får høyre om historia bak songen og samarbeidet med Jonas Høgset. Enkel servering, gratis inngang.

IMG_0291.jpg

17.06.17
Salgsutstilling og kafè på Skuleheim

Eit samarbeid med Bobiltreff på Idrettsplassen i Tresfjord. Turistane vert skyssa opp til skuleheim i veteranbuss. Fleire aktørar med salgsutstilling av både måleri, keramikk og skinn. Salg av kaffi, brus, bakels og sveler.

IMG_3539_1x1.jpg

09.06.17
Boklansering

John Sylte er ute med si siste bok #sorg, og Skuleheim arrangerer boklansering. John fortel om prosessen til boka, samt det vert kulturinnslag frå Brit Guro og Halvor. Signering og sal av bok. Enkel servering og gratis inngang.